Aktivitet agility

VELKOMMEN TIL AGILITYGRUPPA

Kontaktperson: kontakt styret ved spørsmål

Agility er ein fartsfylt og spennande hundesport, og er  ein av dei mest vekasande hundesportgreinene, også i Norge.
                                                                       
*Treningstider:
Vinterhalvåret: Onsdagar frå kl 1930 i Tefre Ridehall Sommarhalvåret : Bana står ute og vi trenar når vi ønsker det

*Krav før oppstart av agilitytrening: Grunnkurs
(Dette blir arrangert til våren. Følg med på FBHK si nettside)

Teamarbeid

Agility består av godt teamarbeid mellom hund og førar.
Hunden skal gjennom ei hinderløype på kortast mulig tid, og er avhengig av ein god hjelpar / førar for å klare å gjennomføre dette riktig.
Grunnleggande for agility er som for all anna trening : God kontakt med hunden 

Kjempekjekt!

*   Agility skal ALLTID vere kjekt
*   Det er aldri hunden sin feil om den ikkje klarar  å     gjennomføre/utfører hinder feil.. (Vi har då ikkje klart å vise hunden kva vi vil den skal gjere)
*Hunden skal ha masse ros og belønning , her sparar vi ikkje på  "godisane "!
*Hunden skal ikkje få forståing av at den har gjort ting feil.
Dette fordi den då fort kan miste fart og motivasjon .


EIN LYKKELIG HUND ER EIN ENTUSIASTISK HUND SOM ER VILLIG TIL Å TA UTFORDRINGAR !